Hesjván (hebraisk [ḥešván]), òg kalla marhesjván, er den åttande månaden i det religiøse jødiske året og den andre i det sivile. Han fell som regel i oktober/november i den gregorianske kalenderen, og regntida i Israel tek gjerne til då.
Namnet på månaden kjem frå akkadisk waraḫsamnu, 'åttande månad'. Før det babylonske eksilet blei månaden kall bul. Leddet mar i marshesjván har seinare blitt tolka som det hebraiske ordet for 'bitter', ettersom månaden ikkje har nokon høgtider eller faster ifølgje dei fleste jødiske tradisjonane. Den etiopisk-jødiske sigd-høgtida fell likevel på den 29. hesjván.
Den 7. hesjván blir ei bøn om regn lagd til amidá-bøna. Om det ikkje har regna innan den 17., ber ein ekstra regnbøner.
Kjelder
Chesvan ved hillel.org «Hesvan» i Oxford English Dictionary Denne artikkelen bygger på «Cheshvan» frå , den 18. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff Månaden bul nemnd i den hebraiske Bibelen (hebraisk/engelsk)
Kategori:Jødiske månader