mini|Framsida til Eline Vere av Louis Couperus. Eline er ei nordeuropeisk form av det greske kvinnenamnet Helene, som tyder 'lysande' eller 'strålande'. Eline har namnedag den 31. juli. Elin, Elena og Elaine er nærskylde former.

Namnet er særleg kjent frå Norden og Benelux-landa. Det var mykje brukt for norske jentebarn sist på 1800-talet og igjen ved byrjinga av 2000-åra. I 2000 fekk rundt 0,5 % av nyfødde jenter namnet. I 2009 var det 3 237 norske kvinner som heitte Eline.

Namneberarar Eline Heger (1774-1842), dansk dansar og skodespelar, opphavleg Ellen Marie Schmidt Eline Mugaas (f. 1969), norsk kunstnar Eline Simonsen Haga (f. 1972), norsk journalist Eline Jurg (f. 1973), nederlandsk bobsledekøyrar Eline Medbøe (f. 1974), norsk kunstnar Eline Berings (f. 1986), belgisk hekkløpar Eline Johansen (f. 1989), norsk fotballspelar

Etternamn Grace Eline (1898-?) og Marie Eline (1902-1981), amerikanske barneskodespelarar

Kjelder

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Nordiske førenamn Kategori:Førenamn av gresk opphav Kategori:Namn knytte til lys