Wenche Foss (Eva Wenche Steenfeldt Stang) () var ein norsk skodespelar, ofte karakterisert som etterkrigstidas store diva i norsk teater.

Foss debuterte i 1935 på Søilen Teater i Vilhelm Dybwads operette Taterblod. Ho markerte seg tidleg som operette- og lystskodespelar på fleire av Oslo sine scener. Hennar største operetterolle var som Hanna Glawari i Den glade enke i 1948. Det blei Centralteateret sin største suksess. Ho kom til Nationaltheateret første gong i 1952 og var der i 15 år. Etter ein periode på Oslo Nye Teater frå 1967 til 1978, avslutta ho karrieren sin som fast tilsett skodespelar, på Nationaltheateret frå 1978. Ho spelte 55 roller.

Ho byrja tidleg å spele inn film. I 1940 debuterte ho i Tørres Snørtevold og ho blei også kjend for rolla si i En herre med bart i 1942.

Dei seinare filmane hennar omfattar mellom anna hovudrolla i Gull og grønne skoger, ein kortfilm og svart komedie i Harald Zwarts regi, om einebuerska som vert forrykt i møte med media.

Utmerkingar

Filmkritikerprisen 1959 for rolla som Fru Helmer i Herren og hans tjenere. Aamot-statuetten 1959. I 1988 vart ho utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. I 1991 vann ho Amandaprisen sin heiderspris. St. Hallvardsmedaljen i 1991. Hedda-prisen sin heiderspris i 2002. Wenche Foss var innehavar av Æreslegionen.

«Våre små søsken» Etter at Wenche Foss i 1953 fekk ein gut med Down syndrom, har ho gjort ein stor innsats for å opne folk sine auge for utviklingshemma sine kår.

Ho har også vore open om forhold ved si eiga helse, slik som at ho i 1971 overlevde brystkreft.

Triva Foss fortalde sjølv at ho frå artium fekk «6» i alle fag med unntak av orden, der ho fekk «selsomt». Foss var gudmor til ei anna norsk skodespelarinne, Mari Maurstad. Foss hadde i fleire samanhengar gått ut i media og tala saka til dei homofile, og har mellom anna difor ei høg stjerne hos mange homofile. Foss sin son, Fabian Stang, vart ordførar frå Høgre i Oslo i 2007.

Filmografi 1940 - Tørres Snørtevold 1942 - En herre med bart 1942 - Jeg drepte-! 1942 - Den farlige leken 1945 - Rikard Nordraak 1946 - Et spøkelse forelsker seg 1948 - Trollfossen 1951 - Kranes konditori 1952 - Det kunne vært deg 1953 - Ung frue forsvunnet 1959 - Støv på hjernen 1959 - Herren og hans tjenere 1963 - Om Tilla 1974 - Bør Børson Jr. 1975 - Flåklypa Grand Prix (stemma til Enkefru Stengenfhøn-Glad) 1980 - Liv og død 1982 - Leve sitt liv 1991 - Skjønnheten og udyret 1993 - Gull og Grønne Skoger - kortfilm, hovudrolle 1998 - Solan, Ludvig og Gurin med reverompa (stemma til Enkefru Stengelføhn-Glad) 2001 - Rosmersholm 2002 - Musikk for bryllup og begravelser 2002 - Jeg er Dina 2006 - En udødelig mann

Kjelder

Bakgrunnsstoff Dullstendig oversyn over filmar på Imdb: Wenche Foss

Biografiar

1943. Reidar Lunde. Wenche Foss (i serien 12 små filmbiografier) 1970. Ebba Haslund. Aldri en grå hverdag 1984. Sverre Inge Apenes. Livets gave 1988. Hilsen Wenche! brev gjennom året (av Wenche Foss i samarbeid med Peter Brandt) 1992. Mona Levin. Wenche Foss : på livets scene 1999. Etterpå (av Wenche Foss i samarbeid med Sturle S. Nærø) 2002. Jan E. Hansen (red.) Kjære Wenche! 2004. Petter Mejlænder Nærkontakt : Wenche Foss & Arne Næss

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:St. Hallvard-medaljen Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Vinnarar av Heddaprisen