Tanákh eller Tenákh (hebraisk tānāx eller tənax) er det mest brukte jødiske namnet for den hebraiske Bibelen. Tanákh svarar i hovudtrekk til det kristne Gamle testamentet, men med ulik bokrekkefølgje, noko ulik versnummerering (særleg i Salmane) og ei vesentleg ulik tolkingshistorie. Tanákh har til felles med det protestantiske Gamle testamentet at dei deuterokanoniske skriftene normalt ikkje er tekne med. Blant etiopiske jødar blir òg dei deuterokanoniske skriftene rekna som kanoniske.
Ordet Tanákh
Alternative skrivemåtar og synonym Ordet kan òg bli skrive som Tenakh, Tanach, Tenach eller TN"K. I hovudsakleg kristne teologiske krinsar finst òg forma Tanak.
Ordet «Tanákh» er eit akronym
Tanákh er i seg sjølv eit akronym for dei tre hovuddelane av den jødiske Bibelen:
Torá [] («Lova»; òg kalla Læra eller Instruksjonen) Nebiím [] («Profetane») Ketubím [] («Skriftene» eller «Heilagskriftene»)
Synonym Mikrá (hebraisk ) Den hebraiske Bibelen Den jødiske Bibelen
Liste over bøkene i Tanákh
Torá (Lova, Læra) Fyrste Mosebok Andre Mosebok Tredje Mosebok Fjerde Mosebok Femte Mosebok
Nebiím (Profetane) Nebiím risjoním (Dei tidlege profetane) Josva Dommarane Samuelsbøkene (1-2) Kongebøkene (1-2) Nebiím aharoním (Dei seinare profetane) Jesaja Jeremia Esekiel Teré asár (Dei tolv (mindre profetane)) Hosea Joel Amos Obadja Jona Mikha Nahum Habakkuk Sefanja Haggai Sakarja Malakhi
Ketubím (Skriftene) Salmane Salomos ordtøke Job Megillot (Skriftrullane) Høgsongen Rut Klagesongane Forkynnaren Ester Daniel Esra–Nehemja: Esra Nehemja Krønikebøkene (1-2)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Jødedom
Kategori:Religiøse skrifter