Wasit guvernement ( ) er eit guvernement aust i Irak, søraust for Bagdad ved grensa til Iran. Før 1976 vart det kalla Kutprovinsen. Dei største byane er hovudstaden Al Kut og Al-Hai og Al-Suwaira. Guvernement består av Dei mesopotamiske sumpene i Shuwayja, Al-Attariyah og Hor Aldelmj. Namnet kjem frå det arabiske ordet som tyder «midten», sidan den tidlegare byen Wasit låg langs Tigris kring halvvegs mellom Bagdad og Basra. Wasit by vart fråflytta då Tigris endra lei.

Historie Den sumerike oldtidsbystaten Der ligg nær byen Badra.

Guvernement var vitne til harde kampar under Iran-Irak-krigen, særleg slaget ved myrene.

Under kampane i Irak våren 2004, tok Mahdi-armeen ei kort stund kontroll over hovudstaden Kut, frå 6. til 16. april, før han vart slått.

Distrikt Al-Aziziyah Badra Al-Hai Kut Numaniyah Suwaira

Demografi Folketalet er opp mot 1,5 millionar. Dei fleste er sjia-arabarar. Myrene har tradisjonelt vore heimstad til mange sumparabarar. Her finst òg feyli-kurdarar i dei austlege byane Badra og Jassan. Eit lite lurisk samfunn eksisterer aust i Kut.http://www.ncciraq.org/images/infobygov/NCCI_Wassit_guvernement_Profile.pdf

I 2007 var arbeidsløysa på 10 % og 35 % av folkesetnaden vart rekna som fattige.http://www.iau-iraq.org/gp/wassit/default.asp

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wasit Governorate» frå , den 13. november 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Guvernement i Irak