Waiau er den største elva i regionen Southland på New Zealand.Tony Busch. 2004 Ho renn ut frå Te Anau-sjøen, flyt vidare inn i Manapourisjøen 10 km mot sør, og renn vidare sørover i 70 km før ho munnar ut i Foveaux-sundet, åtte km sør for Tuatapere. Ho får også tilført vatn frå Monowaisjøen.
Den øvre delen av Waiau River, som renn mellom innsjøane Manapouri og Te Anau, vart framstilt som den oppdikta elva Anduin i slutten på den første filmen i triologien Ringdrotten, til scenene der uruk-haiane jagar brorskapet langs elvebreiddene. Eit framlegg om at eit to kilometer langt stykke av elva skulle få namnet Anduin Reach til ære for den newzealandske filmmakaren Peter Jackson, og for at han brukte dette området som elva Anduin, vart avslått av New Zealand Geographic Board i april 2009.
Flora og fauna Der er fleire ulike dyreartar i det skogkledde tilsigsområdet til Waiau River. Underskogen i det meste av Fiordland National Park omfattar talrike bregneartar, mellom desse kronebregna, Blechnum discolor.C. Michael Hogan. 2009
Fleire trua fugleartar held til langs breiddene av Te Anau-sjøen og den øvre delen av Waiauelva, mellom desse takahē (Notornis hochstetteri). Eit område ved Mellom- og Sørfjorden, kalla Murchison Mountains, er sett av som ein fristad for desse fuglane. På den vestre breidda av Te Anau-sjøen ligg Te Ana-au-grottene, som Lake Te Anau har fått namnet sitt frå.
Sykkelvegprosjektet I mars 2007 vart Fiordland Trails Trust oppretta med føremål å byggja ein sykkelveg langs dei øvre breiddene til Waiau, og og få samband mellom busetnadane Te Anau og Manapouri.
Galleri
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Waiau River (Southland)» frå , den 5. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
Tony Busch. 2004. Trout Fishing: A Guide to New Zealand's South Island, Published by Stackpole Books, ISBN 0-8117-3163-4 C. Michael Hogan. 2009. Crown Fern: Blechnum discolor, Globaltwitcher.com, red. N. Stromberg Bruce fraser. 2009 "Fiordland Advocate 6 March 2009 page 3" Titled Name with a Ring to it Ian Brodie. 2002. The Lord of the Rings Location Guidebook, Published by Harper Collins, ISBN 1-86950-452-6, 96 pages the New Zealand Herald.2009. the Canberra Times.2009. Top News International.2009. the Dominion Post.2009.
Waiau River i Southland Waiau River i Southland